Country Forum nr.1
Bli medlem - sjå nederst på sida
Smånytt - Dick
Curless - Country Forum på nettet
SYKKYLVEN COUNTRY KLUBB SKIPA 25 APRIL 1996.
Torsdag 25. april møttest 11 countryinteresserte Sykkylvingar
på "Hotell Leon" for å skipe ein country-musikk klubb.
Det midlertidige namnet er: Sykkylven Country Klubb. Det blei også
velde nokre personar som skal prøve å dra det heile i gang.
Oddgeir Hatlemark vart valt til styrar og rekneskapsansvarleg. Arild Kvenseth
og Jon Reidar Kurseth skal ta seg av informasjonsskriv og medlemsblad.
Einar Løkken og Odd Karlsen skal vere artistkontakt og arrangementsansvarlege.
Formålet med klubben er å skaffe gode countryartistar til å
opptre i bygda. Planen er også å arrangere fellesreiser til
konsertar, festivalar etc. Vi skal gjennom medlemsbladet informere om kva
som skjer og når det skjer, anten det er konsertar eller andre ting
som må vere av interesse. Det blir også informert om nye plater
og konsertanmeldelsar. Plater kan medlemmane få kjøpt til
ein fornuftig pris gjennom klubben, bl.a. frå skandinavias største
country-musikk importør. Medlemmane vil få ein redusert pris
på billettar der klubben står som arrangør. Medlemskontingenten
vart sett til kr. 100,- pr. år. Det er også meininga å
starte eit eige klubb-band som skal opptre på diverse klubb-kveldar.
Vi veit óg at det er mange i Sykkylvsbygda som både syng godt
og spelar godt, og desse kan anten åleine eller saman med klubb-bandet
få utløp for sine musikalske evner. Vi håper mange vil
vere med i klubben og ynskjer DEG velkommen som medlem. Vi reknar med å
vere i full SWING etter sommarferien både med det eine og det andre.
Desse var med på skipingsmøtet til Sykkylven Country Klubb:
Oddgeir Hatlemark, Arild Kvenseth, Nils Petter Weiberg-Aurdal, Vigdis Løseth,
Andor Løseth, Einar Løkken, Odd Karlsen, Sven Bøe,
Bernt Bøe, Andreas Isaksen og Jon Reidar Kurseth.
Keep it country!
Helsing
Arild Kvenseth og Jon Reidar Kurseth.
Nokre ord frå medansvarleg red. Arild.
Hei alle country-svake sjeler. Som du kan lese er vi altså i gang
med klubb for country-musikk i bygda. Kor steile vi skal vere med dette
"country-stempelet"?, det er det opptil oss sjølve å
avgjere. Det vi vil fram til er at vi vil samle kreftene som trass alt
finnast i bygda til å framheve i hovedsak denne musikkforma. Vi fekk
ei "Roots" bølgje for nokre år sidan, men dette
var og er ikkje nok. Resultatet vart rett nok at vi fekk høyre og
sjå country-musikk og instrument som steelgitar, slidegitar, fele
osv. men vi vart samstundes vitne til ei ukritisk blanding av blues, rock,
rolege og raske låtar samanpressa og blanda i samme "Roots"-gryta.
Vi country-folk sit difor att med ein rar smak i munnen når artistar
gir ut plater med ei "fola" blanding, og dei mest populære
og spelte melodiane deira er reinspikka country-låtar ! Dei spora
som er blues og rock baserte blir oftast berre fyllmasse og døgnfluger
i samanlikning. Vi er sjølvsagt glade for artistar sin framgang
i musikkbransjen, men det må vere noko fundamentalt gale når
det må gjerast på denne måten.
Ei oppfordring må då gå ut til dei som skal både
spele country-musikk i radio, skrive om arrangement og plateutgivelsar
som har med country å gjere; HALD DYKK TIL SAKA ! Gi blaffen i revolverbelta,
hattar, hestar og fylla under Countryfestivalen på Vinstra (den er
der under Titano og andre festivaler også !). Det er oftast personar
som ikkje har tilknytning til musikken, som berre er der på fest,
som klarar å sverte inntrykket av ellers særs gode arrangement
! All ros til arrangørane som orkar å dra i gang slike tilstelningar!!!
Sidestill MUSIKKEN, musikarane og instrumenta på same måte
som de ville ha gjort med jazz, klassisk, rock og elles kva som helst anna
musikk !!! Dette burde vere enkelt å gjennomføre, det er berre
å bruke øyrene, hovudet og hjartet, så går resten
av seg sjølv.
Dette var ei enkel skildring av korleis countryfolk ser og føler
behandlinga av den musikkforma dei tykkjer gjev dei mest tilbake. Sjølv
er eg "alt-etande" når det gjeld musikk-smak, noko eg trur
dei fleste faktisk er. Men det er alltid country-musikken eg sit att med
når det gjeld musikk eg aldri blir lei av. ALLTID !!! Det sårar
difor ekstra når uvitande i mektige posisjonar går ut og held
musikkforma country for narr!
Når det gjeld stoff til "Country Forum" vert dette sjølvsagt
prega av oss eldsjelene som er med og dreg i gang det heile. Vi vil sjølvsagt
høyre frå DEG anten i brevsform eller om du har mogelegheit
for å skrive på PC er dette også heilt i orden. Du sparar
oss for mykje knappetrykking då. Vi les både Macintosh og PC
diskettar. Eller har du Internett abonnement kan du sende dine skriverier
til min e-post adr.
anten i e-posten eller "henge på" tekstfila du har skreve.
Eg har også ein liten plan når det gjeld å gjere denne
"avisa" tilgjengeleg på Internett. Når vi likevel
har all tekst inne på dataen for å lage ein trykksak, er det
gjort i ei handvending å leggje teksten tilgjengeleg for t.d. andre
klubbar eller interesserte i form av sider på mitt "heimeområde"
som eg har "oppe" på nettet frå før. Difor
kan du ved å gå til mi heimeside "klikke" deg fram
til siste utgåve av Country Forum og lese eller laste ned denne til
di datamaskin om du vil. Heimeside adressa mi på Internett er:
http://
Du er óg velkommen til ein tur innom sidene mine for samstundes
å lære og sjå litt på steelgitarar og ymse anna,
dessutan sjå eit døme på korleis Internett kan brukast
til å fremje informasjon.
Med helsing Arild
Gå til toppen av sida
SMÅNYTT OM STORE TING
* TRIBUTE TO THE BEACH BOYS - Et nytt tribute album fra Nashville er klar
i løpet av sommeren. Gamle Beach Boys slagere i ny tagning med bl.a.
Willie Nelson, Steve Earle, Lorrie Morgan, Junior Brown. Beach-Boy Brian
Wilson er medprodusent
* WILLIE NELSON har 3 nye album klare, det første er allerede utgitt.
Det heter "SPIRIT" og har fått gode kritikker. Senere følger
et reggae og et blues album. BOB DYLAN jobber med en hyldningsplate til
legenden Jimmie Rodgers på eget nystartet merke. Flere kjente countryartister
skal være gjester på platen.
* BUCK OWENS skal åpne sitt nye "Crystal Palace Museum &
Theatre" i Bakersfield, California til sommeren. Owens selv og hans
Buckaroos skal være faste innslag på scenen i den nye flotte
konsertsalen.
* Den lenge etterlengtede CD-boxen til EMMYLOU HARRIS er like rundt hjørnet.
Boxen skal inneholde 4 CD'er med flere uutgitte spor pluss en bok. Tittel
er "Portraits".
* Den norske veterangruppen THE BEATNICKS har en ny CD klar. Endelig har
de også fått øynene og ørene opp for countrymusikk,
men det tok tid!
* BJØRN ELVESTAD har en meget god CD ute, kalt ganske enkelt "Instrumental".
Elvestad er en meget dyktig musiker og spiller alle instrumentene på
CD'en selv. Det er først og fremst steelgitaren som er hovedinstrumentet
på platen. Elvestad er nå fast medlem i Ole Ivars. Platen anbefales!
Arild skaffer den.
* MARK KNOPFLER fra Dire Straits ville ha med seg både Paul Franklin
(verdens mest brukte steelgitarist) og countrystjernen Vince Gill i sitt
"Golden Heart" turnéband. De er begge med på platen,
men har ikke tid til turné. Sessionmusikerene fra Nashville, bassisten
Glenn Worff og gitaristen Richard Bennett er med både på platen
og turnéen. Paul Franklin var med på Dire Straits siste verdensturné
og Vince Gill fikk tilbud om å bli fast medlem av Dire Straits, men
takket nei. De er langt fra de første countrymusikerene som er ettertraktet
blant rockemusikere.
* CHRIS HILLMAN fra Desert Rose Band, The Byrds og Flying Burrito Bros.
har nå dannet et nytt band. De kommer med ny CD, BAKERSFIELD BOUND - på Sugar Hill Records i mai. Gruppen spiller Buck Owens influert
musikk.
* GEORGE STRAIT, en av USA's største countryartister er ute med
en ny CD, "Blue Clear Sky". George Strait er Garth Brooks' countryfavoritt,
og det kan høres!
* KEITH RICHARDS fra Rolling Stones og Mark Knopfler er med på George
Jones' "Bradley Barn Sessions" CD. Begge synger country med innlevelse.
Mer smånytt i neste nr. J.R.
DICK CURLESS - The Baron Of Country Music
Richard William "Dick" Curless, født i 1932, døde
for ca. 1 år siden av kreft. Dick Curless var en av få countryartister
som kom fra Maine, på USA's østkyst. Dick ble kalt "The
Baron Of Country Music" og gjorde en rekke plateinnspillinger bl.a.
for "Tower", "Tiffany" og "Capitol" i 50,
60 og 70 årene. Hans største hit var "Tombstone every
mile" fra 1965. I 1966 turnerte han med Buck Owens & The Buckaroos
over hele USA, Filippinene og Japan. Han var også med i "Buck
Owens' Ranch Show" på TV. Dick Curless hadde en mørk,
meget behagelig stemme med trøkk, innlevelse og flotte fraseringer.
Mange av Dick's plater er såkalte "truck driver songs",
han var meget populær blant USA's "truck drivers" og gjorde
til og med en "live" LP fra "Weeling Truck Drivers Jamboree".
Dick hadde også mange venner i Norge, bl.a. Roald Atle Larsen fra
Bergen som fikk han til å spille inn en plate i Norge i 1987 sammen
med Kjell Birkeland og Harald Dyb. Denne platen heter "Welcome to
my world" og kom ut både på LP og CD på Rocade Records.
Ved sin død hadde Dick Curless kontrakt med "Rounder Records"
og hans siste plate kom ut noen måneder etter hans bortgang. Denne
har fått tittelen "Travelling Through" og inneholder 14
perler med ekte, god gammeldags country med sjel. Milevis unna alle Garth
Brooks kloningene fra Nashville, platen er ikke engang innspilt der, men
i Massachusetts. Bear Family Records i Tyskland har utgitt en flott CD-box
med Dick Curless med tittelen "Tombstone every mile". Den inneholder
7 unike CD'er og en bok. Mange av sporene på verket er ikke utgitt
før. Dette er ekte vare fra en stor artist som hadde sin egen stil.
"The Baron of Country Music" fortjener absolutt en plass i enhver
countryelskers platesamling.
Jon Reidar Kurseth
Det var alt for denne gang. Håper denne utgåva av Country Forum
gav meirsmak, og at du vil kome på arrangement som vi prøver
å få til framover. Medlemskap kan ordnast ved å kontakte
ein av oss eller ved oppmøte på ei av tilskipingane våre.
Du tjener inn kontingenten på kort tid dersom du nyttar deg av fordelane
klubben byr på.
Beste helsing styret i Sykkylven Country Klubb
Denne siden ble lagt ut den 13-05-96
AK
Gå til toppen av sida